Over og ut
20 August, 2008
Så er ferien endeleg over. Det kallar på ei feiring, tenkte vi, og feira på besnærande vis denne siste helga. Fredagen vitja vi vår gamle ven Åsmund, for fyrste gong i hans nye leilegheit. Litt sånn Loftet-preg over det, delvis skråtak, men ikkje på langt nær så smalt og trykkjande som i den førre residensen. Om Forfot vil greie seg på eiga hand, utan den huslege Eberg til å stelle for seg, det gjenstår riktig nok å sjå. Noregsmeister Kippe dukka opp, han sat i sofaen og føredrog. Det same gjorde Ivar Berg - ei stund. Så låg han, Ivar Berg, eller støtta seg til veggen, kven veit. Det er allereie ein umiskjenneleg eim i Forfots nye stove, og det meste som hender har liksom eit uklårt, draumaktig skjer over seg.
Ikkje di mindre var vi på pletten neste morgon, då sjølvaste Petter Eide tok kontakt. Han er ikkje nettopp den som strøyper oss med mas, så vi greidde ikkje avslå den vesle spurnaden om hjelp. Også han driv og flytter, ut or Eilert Sundts gate, altså romet innved Romet, i hop med kona Røberg. Eit hyggeleg par, mindre nasty enn visse andre. Pete “the Beat” var som vanleg høfleg og orsaka seg for det han liksom plaga oss på laurdagen. Sjølve er vi glade kvar gong vi skimtar sola, og såkalla “strevsamt” arbeid som til dømes flytting, er trass alt ein sosial aktivitet og utvilsamt å føretrekkje framfor kjellarmørkret. Vi vart henta på døra og frakta både hit og dit, og såg på det heile mest som ein piknik. Vi fekk oss ei glasflaske kola, det var fyrste gongen sidan barneskulen. Så vart det pizza på restaurant, framleis gratis for vår del. Vi tenkte oss til Mjølus i kveldinga, og sanneleg tok ikkje Eide og køyrde oss dit. Som om ikkje det var nok, fekk vi jaggu grunkar i betaling. Nei, maken til lukrativ business har vi knapt nok vore innblanda i. Kanskje vi på heiltid skulle byrja i flyttebransjen.
Men i alle fall, vi var komne til Melus på laurdagskvelden. Kvifor, vil einskilde spørja seg. For å gøyme oss i skogen? Nei då. Denne siste helga før ferien er over, er ei serskild helg i bygda. Det er nemleg Mælus-festival. Denne årlege eventen går av stabelen i Gruva, det store sportsanlegget på vestsida av Gaula. Idrettslaget er arrangør, men koblinga mellom festivalen og idretten han finansierer, tykkjest til tider smal. Det er iallfall lite sportsmanship å skode, når alle moglege brølapar og sauebønder bryt i hop i heimbrentrus på laurdagskvelden. Ikkje akkurat vår stil, vil sume tru, og vi er vel berre måteleg begeistra for sjølve festivalen, ikkje minst for musikken dei spelar. Det eine året var det Rednex, då treivst vi, men Åge Aleksandersen, som i helga stod på scena, kunne hatt seg heim til Namsos for vår del. Greitt nok. Det hyggelege er å møte kjenningar. Sume har ein nesten gløymd, berre det dei finst er ei overrasking. Men andre har ein klåre minne om, og nokre kan ein faktisk ha sakna. I så måte var førespelet ein höjdare. Vi treftest i kjellaren hjå Britta, som gjekk i klassa vår på gymnaset, og har nesten ikkje tal på alle dei velkjende beibsene som innfann seg der. Det var vel sånn cirka berre vi av vårt eige kjønn, og tolv, tretten slike rotekte bondejenter i bortimot bunad og havrelefser. For ein trivsel. Langt om lenge gjekk vi ut, allereie til lyden frå kaukaren i Gruva, snåva gjennom buskane til inngangen, og betala oss deretter … Nei, sume betala seg inn. Men ikkje vi. 250 krons kostar galskapen, så mykje har vi ikkje. Så vi satsa på det eldgamle trikset. Det lyktest i forfjor, og endå vi utan tvil har vorte dummare med åra, var vi sikre på å lykkast på nytt. Gruva er omgjeven av skog. Det er tett, tett lauvskog på alle kantar, ikkje så beinast å ta seg fram i, men endå med den føremonen, at ingen oppdagar ein før ein kjem seg like innpå. Viss vaktene, som det forresten er ganske av mange av, snur seg vekk i nokre straksar, kan ein kaste seg fram og gli inn i teltet, nesten umerkeleg, utan å betala ei krone. I forfjor, som altså var førre gongen vi freista, vart vi for så vidt litt grøne på kleda. Det var eit helvetes hav av brennesler òg, så brende vart vi. Men den byrgleiken og sigerskjensla det er, å faktisk makte narre desse gnikarane …! Ubetaleleg. Og kva er det verste som kan skje? Jo, dei kan hekte tak i ein og forvise ein, men ingen ser ned på ein av den grunn. Så vi freista så klart på nytt. Fyrst var vi nede ved inngangspartiet, like oppi skogen der. Ei av vaktene fatta mistanke, og vart ståande nede i lysninga og stire på oss. Vi byrja ei psykologisk krigføring, vi berre stira attende. Vi hadde ein øl i kvar hand, så vi stod der ganske lenge og glana på dette dumme neket, ei kjerring på tallause år. Langt om lenge gjekk vi fram, liksom tilforlateleg, og spurde om det ikkje var lov å nyte ein øl i lauvskogen ein laurdagskveld. Openbert ikkje, megga ropa på torpedoen, han slengde oss formeleg ut. Men vi gav ikkje opp av den grunn. Vi leita gjennom eit par nærliggjande hagar, men fann ingen veleigna opningar på den kanten. Langt om lenge gjekk vi vidare, opp på hi sida, gjennom ein åker og ei eng. Det var der vi fekk auga på månen. Han tyktest vera halv, men liksom ikkje på snei, som halvmånen ofte er, og var raudare enn før, han låg der horisontalt med beinsida ned, verka litt rar på oss. Men vi grubla ikkje meir på det, ikkje før seinare på kvelden. Då var månen nemleg full. Ja vel, tenkte vi, så har det omsider tippa over for oss, vi har vorte galne, det laut jo hende før eller sidan. Vi fekk iallfall ikkje mykje gehør hjå bygdeungdomen, då vi la fram denne påstanden, at no var det halv og full måne på ein og same kveld. Sjølv på Melus-festivalen, meinte dei, skjer ikkje det. Men di større var lettelsa då vi las i avisa neste dag, at det sjølvsagt hadde vore måneformørking. Eit vakkert syn, det lyt vi seia, og liksom ein ekstra spiss på ein allereie magisk kveld. Det var i det dimme lyset av denne halve månen, den formørka, at vi omsider entra festivalområdet. Vi fann oss eit høveleg kratt, og i akkurat rette stunda forserte vi grusplassen, lista oss inn i teltet og var med eitt som dei andre, berre utan det stygge armbandet som prova ein hadde kjøpt seg inn. Som prova ein hadde tapa, med andre ord. Vi tapa ikkje, vi vann, i ei slik stund fekk vi nesten sympati for Aleksandersen, den håse, gamle grisen som stod der og gaula imot oss: “Det e min dag i dag.” Ja, ikkje sant? Vel, det var ikkje berre vår dag, alle såg ut til å hygge seg, og det fanst ikkje grenser for gjensynsglede dei fleste kunne førevise. Dei ivrigaste kasta seg ikring oss, som var vi den forlora sonen omsider komen heim. Jo takk, jo takk for det.
Dette hadde potensiale til å bli nokså langdrygt, og det var då også lyse morgonen før vi langt om lenge la oss. Vår gamle sjåfør og velgjerar frå gymnaset, Elise “Sfinksen” Vorum Moen, sytte nok ein gong for skyss. Takk til ho. Neste morgon var det berre å ha seg opp att, då til ei endå større hending: Vår mykje omtala og lenge planlagde ekspedisjon med Grautgramsen, tur retur Budalen. Vi har skrive om Grautgramsen før, ein fyr i heimbygda, som opp gjennom åra har underhalde oss på dei mest spektakulære vis. I ei samtale for nokså lenge sidan, nemnde vi Budalen og at vi aldri hadde vore der. Synd, tykte Grautgramsen, for Budalen er noko av eit lykkeland, eit Gauldalens Rio, bratt og friskt og fargerikt. Han lova å syne oss Budalen. Gjennom heile sumaren har vi freista finne ein passande dato, og no var det endeleg dags. Vi var heldig med vêret, køyrde i solskin og sundagsfred, opp forbi Støren til småbyen Kotsøy. Der, når åsane tykkjest trone over ein, svingar ein til sides og finn ein veg, utruleg nok, oppover hengbratta og inn gjennom skogen. Så, der ein minst ventar det, openberrar dalen seg. Nedst i gjelet, så djupt at knapt nok ser henne, strøymer storelva Bua. Det var overlag vakkert i Budalen, tykte vi, serleg sett i høve til alt vi hadde høyrd. Den gamle farmora vår nærast fråråda oss å dra dit. “Det er så stygt,” sa ho, “og bratt, nesten ingenting å sjå.” Dimed var det duka for ei positiv overrasking. Det vi trudde var ein snever v-dal, synte seg vidare og langt meir ope enn nokon kunne ana. Grisgrendt, ja, og ikkje nettopp dirrande av folkeliv, men meir som ei perle for svin. Budalingane er sere skapnader, vi såg dei sitja med wienerbrøda på kafeen då vi kom, og augo var mange og store, då vi, dei framande, gjekk ut or bilen og såg på kyrkja deira. Det er ei spesi kyrkje, visstnok, iallfall innvendig, men vi sleppte så klart ikkje inn. Vi lo litt av gravstøttene, om ikkje anna, der helvta hadde same namnet, og alle dei andre namna var variasjonar over dette eine. Enlid blir til Enlidmo og Enlidvoll, og så har ein Endal og Endalsvoll, for ikkje å snakke om Enmo, eller Enodd som sjølve sentrum heiter. Ikkje rart ein blir ør i nøtta. Vi fortsette innover Storbudalen, der det ikkje var mykje å sjå, før vi svinga over brua og tenkte på heimferd. Vegen til Enmo var herpa og stengd, så vi kom oss ikkje dit. Men enno var ikkje festen riktig over, for køyrer ein om Sokndal attende, altså ein rundtur i regionen, kjem ein til sagabygda Hauka. Hauka er ein liten stad, vi stogga ved det sundagsstengde samvirkelaget og kika på suvenirane i vindaugo, men allting var nips og utan det minste lokale serpreg. Dei satsar på turisme. Ikkje di mindre treivst vi der, inne i skogen og stilla, utan så mykje som ein tater i glaninga. Det var med det største vemod vi køyrde vidare heimover, attende til støyen og maset og alle dei fåvise neka i storbyen.
Det var ein nydeleg tur, og vi takkar kjære Grautgramsen for dét. Ja, ei nydeleg helg i heilskap, ei verdig avslutning på ferien, eit såkalla minne for livet. Kor lenge vi lever, derimot, er usikkert. Vi har nytta sumaren til fulle, bruka timane med omhug, og no er det altså haust. Mørkt, ikkje minst, kaldt om kveldane. Vi set oss i kjellaren og ser etter stjernene, men kan ikkje riktig finne dei for kjerret framfor gluggen vår. Det får ein tole. “Gamle Laertes,” hugsar vi, “skar klunger / og grov um fiketrei, / og lét heltane slåst ved Troja.”
Leave a Reply