Ved fyrste augekast kan korporasjonen Kjellaren likne eit einmannsføretak. Sume har fått det føre seg at ein serskild person, av tryggleiksomsyn gjort anonym, står attom heile butikken. Dette er lause rykte og kan omgåande avkreftast av sekretariatet. Korporasjonen Kjellaren er ein uavhengig faginstans på fascistisk side av kulturen. Korporasjonen har inga overordna målsetjing, men arbeider generelt med diplomatisk handsaming av sakspapir og innstillingar.
Korporasjonen er modellert som dei gamle føydalsamfunna, med ein evig og ufeilbarleg overgeneral i leiarposisjon. I fellesskap med styret tek han korrekte avgjerder. Dette er likevel ein abstrakt storleik, slik at makta reelt sett ligg i sekretariatet, ein noko lægre instans på rangstigen. Sekretariatets intensjonar kan somtid vera diffuse, men arbeidet deira er fundamentalt på lengre sikt. Derifrå går korrupte kanalar til dei ymse etatane, som i sin tur utarbeider rapportar og referat. Møteverksemda er avgrensa til onsdag etter lunsj. Rådmennene har av og til kontortid, men akkurat når er førebels uspesifisert.
Alt feltarbeid er lagt i hendene på ein trufast stab av gravarar og lukarar. Desse er fødde med praktiske talent, og såleis ueigna materiale for byråkratiet. Korporasjonen dekkjer mat, familie og lækjarhjelp. Desse menneska talar ikkje i utrengsmål, men kallar, om absolutt naudsynt, gladeleg ein spade for ein spade. Løna deira er akkurat passeleg.
Jamsides korporasjonen står det sjølverklærte domstolsapparatet, ei samanslutning av hundretals juristar og domarar. Desse opererer på eige ansvar, men ofte med assistanse frå etatane. Aktoratet er rett nok gjennomkorrupt, men stort sett ganske funksjonelt. I nær tilknyting er det oppretta ein observasjonskomité, i augneblinken noko nedlagd.
Som heilskap er korporasjonen ein parallell til det statlege styringsapparatet, men mottek i augneblinken ingen økonomisk stønad. Sekretariat og etatar er såleis ikkje ope for klagar og innspel. Skulle eitkvart likevel vera prekært, syner vi til lovverket. §134 a) er klokkeklår i så måte. Vi fråskriv oss med dette alt ansvar og all interesse for denne og liknande saker. For vidare informasjon, søk domstolane.
21 September, 2007 at 18:33
Lyt vel senda nokre nye nøtter til nye heimesida då!
1: brrrr! sa einkvan ein morgon, men kven?
2: Kva reknast som Bent Tomtums største bragd?
3: Kor monge kyr finn ein innanfor bygrensa i Vadodara(Baroda), sånn omtrentleg?
4: Kor monge tomme spritflaskar fann Jens Bjørneboe i kjellaren då han vart avbileta “i kjellaren beundrande eit årsverk”?
5: Kven er gamlast:Gramsen eller Åslaug Haga?
22 September, 2007 at 03:21
Ah, Bången! Kor vi har sakna deg i einsemda vår. Koss er stoda i bygdetunet? Her i byen er alt på tilt. Soparar, tomsingar, pakk. “Selve jordens berme!” som Bligh seier. No til fregene:
1. Du, kanskje? Eller kven som helst. Meiner vi har sagt det sjølve nokre gongar, men ikkje i brennheita no om dagen.
2. Vanskeleg å seia, men han bygde ikkje Rom på ein dag.
3. Fort eit par.
4. Fort litt meir enn eit par. Han var tyrst, men det er du òg. Hovudet kjennast mest so ein kaktus!
5. Åslaug Haga, for Gramsen er ein ung og vakker mann.
Vonar svara blir til hugnad. På attersyn i Løyvsetbokkji!
22 September, 2007 at 10:55
Bången trålar var berre eit pseudonym! nett no e me i tvivl. av geografisk art.På heimeblekka til Wuhan kor norskejintane ska spele kvartfinale mot dei skjeivøygde vert det hevda at Yangtzebekken e 3dje lengste. me hev imidlertid fylgjane rangeing tå verldas bekkar: 1 Nilen 2 Amazonas 3 Missisippi- Missouri 4 Ob-Irtysh 5 Yangtzekiang 6 Jenisei ! gilde karar dei kinesarane som driv sensur. Ei lita gåte: Set om til bokmål: Hugleik på rupp.(kjærlighet på pinne, he-he) Lært av ei jinte på barneskolen faktisk. me meldar oss hermed inn i korporasjonen, lite skummelt, spør du meg, men han som inkje freistar, ingenting vinn! me fleskar til! Ha ei framifrå helg!
22 September, 2007 at 11:08
Vi held med deg i rangeringa av verldas bekkar; å kalle Yangtze den tridje lengste er direkte uhøyrd. Idiotane provar nok ein gong kor talentlause dei er. Det er oss, Grautgramsen, fjernsynet skulle synt. I beste sendetid laurdag kveld. Favorittelva vår er forresten den kjende “No Name River” i nørdste Kandada. Godt at du endeleg er tilslutta korporasjonen, dei elles duglause medarbeidarane kan trengje ein overoppsynsmann. Ei framifrå helg til deg òg!
5 October, 2007 at 22:46
Antlegen helg i grenda! Og Gramsen hev greve longt inni den tunge madrassen sin og investert. Ikkje i Eivind Reiten opsjonar, nei i noko som varar evigt: Siste skiva til han bossen frå Ashbury Park NJ. ei stor plate, bedst sia The River hevdar me, og det er lenge sia! Me skrytar hemningslaust og spesielt om slåtten “radio nowhere”!Gramsens 4 store er: 1: Neil Young 2: Bruce Springsteen 3: Bob Dylan 4:David Bowie. so veit resten tå verlda det! God helg i kjellaren!
8 October, 2007 at 01:06
Vi høyrer kva du seier, men ville sjølve unna Bowie ein høgare plass enn dei andre. Det er eit geni av unemnelege proporsjonar. “Time takes a cigarette, puts it in your mouth. You pull on your finger, then another finger, then your cigarette. The wall-to-wall is calling, it lingers, then you forget. Oh how how how, youre a rock ‘n roll suicide …” Det er altså så bra at ungdomen i dag ikkje skjønar det. Men vi og du veit betre.
12 October, 2007 at 21:30
Guten etterlyste nøtter, og her kjem dei:
1: Kva for eit jubileum tenkte Michael Stripe på då han skreiv electrolite?
2: Kven røskar hardast i sjarken:Kjerringstraumen eller Saltstraumen?
3: Kva heita Morgan Kane`s venn og fiende som alltid bar ein Derringer?
4: Namnet på mest vidgjetne horhuset i Nuevo Laredo, takk?
5: Nokon sa eingong: Ein skal ikkje kasta perlar for svin, men kven uttalte, og kva heitte sugga?
12 October, 2007 at 21:52
For grann ein plass! nøttane held fram:
6: kjem Gramsen inn på Martha`s angel school(hev søkt)?
7: Kven er Homo Habilis?
8: Kor finn ein uttrykket “gangaren snåva i raude gullsaum”, og kva tydar det? (lett match?)
9: Kor monge liter øl vart drukke på den første dag under årets Munchener Oktoberfest?
10. Skattelista ligg open, men kven e grendas fattigaste?
Lukke tel. viktigast e ikkje å vinne, men å delta!særs gild premie ventar han so hev alt rett!
15 October, 2007 at 00:18
Redd det blir eit gjettverk igjen, vi er rett og slett for dumme. Vonar du unnar oss ein seinare sjanse. Den gilde premien får gå til sanitetskvinnene.
1. Neppe Sivles hundreårsjubileum.
2. Saltstraumen, trur vi. Han røskar iallfall brukbart.
3. Malvin?
4. “Nuevo Ludero”.
5. Liknar eit godord frå Gramsen sjølv. Sugga var venteleg ho Adriana øvst i bakken.
6. Kvifor skulle han ikkje det? Han er jo reine engelen.
7. Ein apemann. Eller “Apeman”, som det heiter i songen. “Oh what a life of luxury, to be like an apeman.” Ei motfrege til Gramsen: Kva heiter songaren?
8. Gangaren er fort ein hest, iallfall snubla denne gangaren i einkvan saum, det var leitt.
9. Ikkje fleire enn Gramsen konsumerer laurdagskvelden.
10. Fort far vår. Men spelar det noka rolle? Rikast er den som treng minst, det meiner vi framleis.
19 October, 2007 at 22:41
Me e vonbrotne, allvorleg vonbrotne! Over at guten ikkje visste om gangaren og gullsaumen. Det stend i sjølvaste HÅVAMÅL!Sjølvaste meisterverket!
Me innsjer at me lyt stilla enklare freger:
1: Kor ligg huvudstaden i Noreg?
2: Kven framførar låten my boobs are OK ?
3: Kor monge Harleyar hev han broder Åge nedi Joe`s garage?
4: Kven hev høgaste matchvekta: Gramsen eller Rita Ottervik(Gutens føresatte no)?
21 October, 2007 at 11:15
Sorry, vi har vore litt “off” i det siste. Men hald berre ut, ein eller annan gong skal vi svara deg som du fortener. Førebels blir det skjemdarverk.
1. I augneblinken på Austlandet, men vi talar for Hølonda no. Sjå kva dei gjorde i Myanmar, Elfenbenskysten og Nigeria: Flytte hovudstaden inn i jungelen. Det funkar fint.
2. Iallfall ikkje vi.
3. Tippar tri. Men han gøymer fort eit par i skjegget.
4. Rita Ottervik, og det med god margin. Men den feite merra har ingen autoritet i liva våre. Vi soknar til Bøhle, endå han òg er ein klovn til tider.
16 November, 2007 at 23:43
Nokre “freshe” nøtter åt Guten:
1: Kva for ein kar e han Tugrik, og er han verdt å samla på?
2: 22 Acacia avenue heitar eit gromt stev,men kven skreiv hymna?
3: Kor monge gongo i veka vert blekka Fjell-ljom publisert?
4: Kva heitar bedstevenen til heiderskaren Gisle Gris?
5: Kven hev fleist veggdyr i skjegget: Broder Åge, Fidel Castro eller Mullah Krekar?
6: Kven e Aitor Beguristain?
lette desse, me ynskjar lukke tel!
18 November, 2007 at 03:27
Alltid triveleg med nøtter, serleg no som jula nærmar seg. Spørst om ikkje Korporasjonen i eigen person bør diske opp nokre saftige freger til høgtida. Som før, Grams, som før! Men no til saka:
1. Veit ikkje kven Tugrik er, tippar det er Gramsen i forkleding. I høgste grad samleverdig.
2. Var ikkje det Maiden? Men kven som skriv songane i den syklubben der, det korkje anar eller vil vi ane.
3. Vi seier to, men det er reint gissverk.
4. Sølvi Sau?
5. Broder Åge, han har skjegget ovstorast i heile bygda, logisk nok hyser det flest veggdyr. Vi har sjølve sett kva som heng på veggen hans.
6. Mor di?
Venleg av deg å ynskje lykke til, men nettopp lette, det var ikkje desse fregene heller. Blir det handletur snart? Vi har gått tome for sider og flesk. Ser deg vonarleg i bokkji ein dag, lyt koma oss heim no.
23 November, 2007 at 22:13
Kjekt med jolenøtter, me ska freista å vinne ein heilaften i kjelljaren seinare! At Guten ikkje hev peiling på Iron Maiden e slett: 22 Acacia Avenue e skriven av Adrian Smith og omtalar ein stad der ein kan kaupa seg ei kone for ein time eller ei natt, kjem an på grynsekken. Gramsen hev investert, grove djupt lengst inni madrassen, men no ligg han her:Billett til Maidenseminaret i bya neste år. vorspiel i kjellaren? de e på ein laurdag. me ska rive Lerkendal 22 juli 2008!
bedste helsingar, EDDIE. Tugrik vert nytta i Mongolia, beguristain spelte på FC Barcelona.
23 November, 2007 at 22:18
Ps. Ein knøttlitan joleutflukt itil storstaden Storlien ein gong først i Desember. Gå seg vill i Sarek?
25 November, 2007 at 22:14
Du er velkomen i kjellaren når det skulle vera. Vi har nok av fåvise vitjarar som ikkje veit å oppføre seg, såleis stas om ein med litt peiling kunne svinge forbi. Vi garanterer rett nok ikkje vår deltaking på Maiden-seminaret, det blir fort for høglytt for oss. Storlien, derimot, er sjølvsagt. Reserverer oss mot einskilde datoar då vi har lekseprøve, eller såkalla eksamen, på skulen. Men elles har vi god tid. See ya later, alligator.
14 December, 2007 at 20:38
jau då. ikveld ska me freista nøttene dine, ser mest ut som ein gal manns verk,men alikevel. Innlegg kjem på mail. Som ein ropar uti skogen fengje ein svar! ikkje redde for å skite oss ut,me nei! Las med ovstor spaning om jinta frå Jokkmokk, me anbefalar istaden girls`n frå Kvikkjokk, der er det skikkelig sus i serken!
Vert ikkje joleferie i Storlien,Rock City i år, då ein kollega va sympatisk nok til å kaupa General åt Gramsen. Noko skal ein vel ha attende for å vere føremann? Kjekt at Guten les Sjølvaste Kalevala, heftigt tidsskrift det!
16 December, 2007 at 23:29
Nei, nei, vi får greie oss i gamlelandet då. Kalevala er god trøyst i vintermørkret; hadde vi i tillegg kjend nokre Kvikkjokk-babes … Men det kan bli! Gler oss til å lesa svara dine. Ikkje rom for mange feil, det kan vi røpe. Ein fyr som deg får sjølvsagt stilpoeng, men kampen i toppen blir likevel hard. Lykke til!
25 December, 2007 at 02:58
Jau! Då e jolegåvane spredd for alle vindar, Gramsen hev drege seg tilbake til skjenkestova, sit og nyt joleøl og høyrar på spelldåsa. Ikkje kva som helst der i jolenatta: A fairytale of New York, Sjølvsagt. Nøttene dine hev Gramsen stagnert heilt på, me ser ganske enkelt ikkje ljoset! Me og Shane ynskjar Guten ei framleis strålande, oppbyggjande og framgangsrik jol!
25 December, 2007 at 12:49
Ei god jul til deg òg. Shane MacGowan er ingen dårleg kompanjong i desse dagar, fåe kan skilte med betre humør. Vi lyder sjølve òg: “One evening as I was lying down by Leicester Square, / I was picked up by the coppers and kicked in the balls. / Between the metal doors at Vine Street I was beaten and mauled / and they ruined my good looks for the old main drag.” Men å laga slike songar om det! Synd du kom til kort med nøttene, men du freista iallfall. Vankar fort ein premie trass alt. Lykke til med grauten!
12 January, 2008 at 10:38
Hau-hau i 2008! Nøttene va sers tvivlsame denne jola, me stagnerte, men hemnar oss no. Svar for deg Guten!1: I kva for ein etasje i Mannesmann hochhaus dinglar eit bilete tå ho Rita frå Hitra?
2.Somebody said:Vicken sexig brud! kven? (icke från Kvikkjokk eller Jokkmokk) 3:Kven va Lulus store førebilete då ho vaks opp? 4: Ikva for ein song beskriv Steve Harris ein stakkars vanskjøtta krabat som aldri får sjansen til å finne sin plass i samfunnet?
13 January, 2008 at 14:02
Hau, ja. Vi var oppe og banka på Gramsens dør like over nyttår, lyset var på og bilen stod framme, trur jamvel vi skimta han gjennom stoveglaset, men nokon respons fekk ein ikkje. No vel, Gramsen sov kanskje, eller konsentrerte seg djupt med’ han pønska ut infernalske nyttårsnøtter til korporativ fagnad. Vanskelege var dei iallfall, vi får gisse som vi plar:
1. Toppetasjen. Det heng ned og dekkar heile vestveggen, for det finst ikkje slikt som eit “lite” bilete av ei så stor dame. Ho får rett og slett ikkje plass i anna enn veggportrett.
2. Høyrdest svensk ut, vi går for han Palme.
3. Du?
4. “The Loneliness of the Long Distance Runner”. Kan sikkert vera andre òg, mykje tragikk i musikken deira.
Du får hygge deg i det nye året!
9 February, 2008 at 02:47
Hau-hau! lenge sidan me hev skrive i denna blekka no, men me hev vere opptekne! tå ka då,spør Guten? jau, tå google earth selvfølgeleg. Eit uunverleg redskap når ein sit her i Listvanka og vaskar sine sure tær i tjønna. me ventar berre på sumaren , då ska me kasta oss uti djupet, vert kanskje ein rangel i Angarsk fyrst?
2 March, 2008 at 07:37
Lenge sia eg hev ytra meininga på sia her no, men no er eg dritlei tå limericka tå han jon Herwig og nordigarda! ynskjar heller å setja ljos på Skihopparen Harri Olli: kva for ein kar hoppar som Romøren, gjenge på byen med to jentar, drekk seg full, og ber trenaren ta seg ein ronk, jau harri sjølvsagt! det er karen sin det, på fylla og hoppar 206,5 meter dagen derpå.Det står det respekt av. ein skikkelig Ilmarinen det!me bøyar hovudet i respekt!
19 March, 2008 at 14:31
svar på din nøtt nr2 e Chihuahua! såpass veit me utan å gugla! men du sakna nøtter. so her e dei.
1:kva heitar lengste gata i Birobidsjan og kven stakk fyrste spaden ned?
2:Østafor sol og vestafor måne seier enkelte, men kor e me? ver so venleg å spesifiser med koordinatar!
3:Ein kar sit i Omsk og kastar småstein i Irtysh utan å veite kvifor, men kven omtala det(kjend roman)?
4:Kven lurar på deg om du legg ut på tur i tåkefjellene?
19 March, 2008 at 15:09
5:Kva e 6 meter langt, 3 meter bredt og stinkar heimebrent?
6:kor monge tenner hadde Palden Gyadze i kjeften då han sette oslo på haudet?
7: Kva heitar finaste jinta i Antofagasta?
8 :Kva tenkte Jon Herwig eigentleg då sjølvaste Kjell Kristian diska opp med eit sjølvlaga Limerick?
9: Einkvan sa: og du mitt tre so ha,og kjem til å overleva meg lyt sjå meg døy! Forfattar og roman takk!
20 March, 2008 at 13:56
Veldig hyggeleg å ha deg attende, du har saktens vore sakna. Google Earth er ikkje det verste ein kan nytte av tidtrøyte, berre ein veit kvar i verda ein skal leite. Det gjer jo du. Angarsk blir saker, vi får stikke innom på utflykta til Budalen. Så til nøttene:
1. Her vart vi usikre. Men ho leier nok til Israel, den gata. Ein eller annan jøde stakk spaden i henne.
2. Relativt mange gradar austleg lengd.
3. Dette burde vi visst, men veit ikkje. Ver venleg og informér oss, verkar interessant.
4. Hufsa?
5. 17.-maitoget i Budalen, var det ikkje? Har vonarleg ikkje passert når vi kjem dit.
6. Vi tel dei på eine handa.
7. Miss Antofagasta 85.
8. Vart han rørd? Til tårer.
9. Siterte du eigentleg ordrett der? Høyrdest litt norsk ut, meir veit vi ikkje.
Det var alt vi makta denne gongen, men kom gjerne att med meir seinare. Vi gjev ikkje opp så lett.
22 March, 2008 at 15:10
visar til freger.Guten e heilt på vidda i desse påsketider. berre sp.5 besvara korrekt, på sp 6 gjer me eit halvt poeng,då han er i nærleiken! ells berre dass, diverre! dette skrale resultatet inspirerar oss sterkt til ytterlegare forhøyr:
1:Burde vere lett: kva namn ber Elena Valbe`s førstefødde?
2:Kor monge vaffelhjartar vart ete i Vassfjellhytta langfredag?
22 March, 2008 at 15:24
3: Når(År) fekk Egil”drillo” sin fyrste globus?
4: Kva drakk Harri Olli på flyet heim frå SkiflygingsVM i Oberstdorf?
5: Kva e rekna som verldas høgst beliggande bebodde by? skulle vere lett, men!
6:Kor mange vodka hadde salege Boris Eltsin innabords då han klemde sjølvaste Sonja?
7:Meir Sibir: for nokre år sia gjekk eit TV-program om sjølvutnemde Jesus frå Minusinsk, men kor kom han eigentleg frå?
22 March, 2008 at 15:49
8:Kor monge villstyrlege krabatar i mørkeraud kappe fantest eigentleg i Tibet og kor monge e igjen, om ein ser vekk frå dei “omskolerte”?
9:Kor mange dyreartar særegne for dette landet finst på Madagaskar pr dags dato?
10: Den ultimate frega, rosinen i pylsa:Gje ein fysikkmessig haldbar definisjon av begrepet tid!
Godt du ser fram mot vår føreståande geografiske ekspedisjon til hittil uutforska og sagnomsuste Budala, me ska gjera skikkeleg vitenskapeleg nybrottsarbeid der. Lyt vera spesielle tilhøve der ettersom lokale populasjonen omtalar Støren som ein storby! Me ska tel og med kjøyre bakkane opp frå Kåtsøya der ho Marit plar trimma sumarstid. (Marit:lokal gudinne,so hev stagnert!)
24 March, 2008 at 01:14
Vi freistar igjen, men veit så altfor godt vi er duglause. Du får orsaka.
1. Vi leitar, men finn ikkje. Boris?
2. Fem, tenkjer eg. Også kjend som ei plate. Lite mat, men vaflar er dyre i desse dagar.
3. Som femåring.
4. Vodka. Minst.
5. Vil tru dei lærde stridast. Vi held ein knapp på Wenzhuan i Tibet, men definisjonane kan vera så ymse. Kjem det til hovudstader, er vi fort i Quito. Lhasa før.
6. Tallause, fingrane våre blir iallfall for fåe. Men ein fin fyr, det var han.
7. Krasnodar så klart.
8. Vi trur det er fåe att. Tøffe tak der borte, serleg for munkane. Men noko tal sit vi ikkje inne med.
9. Nok eit strevsamt spørsmål. Vi svarar endå enklare: Mange! Det kan neppe vera feil.
10. Iallfall ikkje pengar.
Ikkje mange rosiner i denne pylsa, men motet stig stendig. Keep it coming.
4 April, 2008 at 18:24
It`s coming,man! Denne gongen lyt ein vera ein skikkeleg “insider” for å ha sjanse!
1: I kva for ein roman lærar ein vertshuset “den krumme hund” å kjenne?(nordisk forf.)
2: Kor monge liter glykol treng ein for å drifta skeisebanen på Trondheim torg?
3: På Gramsen og far Skjetne sin famøse Berlintur vinteren 05 hadde far med seg nokre matvarar Gramsen fann ut var å gå over bekken etter vatn.Kva var det?
4. Siffur Gylle heit ein gong ein lokal kjempe frå Gyllgrenda. når døydde høvdingen?
4 April, 2008 at 18:41
5: Kva for ein av byen sine originalar pleiar å liggja å søve i parkeringskjellaren på staten sitt hus i bya kl.11 kvar dag?(mogleg å sjekke ut)
6: Litteratur: på jernbanestasjonen i Tsjita stend ein vesal mongol med sin fryktede nagajka. men kva gjer han eigentleg der?
7: kva dreiv Åge Stavsøien med då Gramsen sist samtala med kraumen?
4 April, 2008 at 18:58
8:Anvendt fysikk: kva oppdaga Michael Faraday som gjer det tryggare for oss sumarstid?
9: meir fysikk: kven var drygast rundt bringa: Schrødinger eller Heisenberg?
10:geografi: kva heitar 126te største byen i den nordlege staten?
11: meir geografi: kor monge meter er det milla jarnvagstationen og systembolaget i Grums?
12:Nordnorsk: kva e “ei delle”?
10 April, 2008 at 23:12
Dette blir ikkje enklare.
1. “Den krumme hund”. Hm. Ei hard nøtt.
2. Vi veit ikkje kva glykol er, så pass.
3. Det kunne vi spurd han om, viss ikkje telefonen vår var føkka. Vi får ikkje ringd og vi rekk ikkje bussen. Så pass.
4. Fåe treff i Google. Ikkje mange på “Gyllgrenda” heller. Fortel.
5. Han har vi sett! Trur vi. Fyren med skjegget?
6. Vi arbeidde hardt med denne. Men utan hell. Kublai Khan, tippar vi. Men kva han gjer … Vel, han står der. Det er det han gjer.
7. Han jobba vel med sykkelen, tenkjer vi. Og fiskefjeset på veggen.
8. Held ein knapp på magnetfeltet.
9. Schrödinger var dryg, men Heisenberg var drygare.
10. Holy Cross.
11. Meter? Veit ikkje, vi målar det i grums.
12. Det er no ei delle, det då.
Von om to, kanskje tri rette. Overrask oss.
25 April, 2008 at 22:45
Ein rett sist, sp.5: trollet,ja, ein skikkeleg freakout! me durar vidare!
1: Barnemat:ein liknande krabat vert nestan dagleg observert i utgamal militærdrakt på ein like utgamal motorsykkel på vei til jobb?i storbyen(lokal kjempe) Kven?
2:einkvan sang om en koltrost på et tak på Hornsgatan nånstads, men kva for ein einkvan?
3: Viljuj min ven ,seier soga, men kor monge e istand til å fortelja ho, og kva ætt høyrar dei te?
4: noko nærliggande: Kva ætt fortel folkeeventuret om den ville Angara som røymde frå sjøen og ut i store verlda?
25 April, 2008 at 23:05
5:I kva for ei grend vert mest heimebrend drukke natt tel 1 Mai: Gyllgrenda eller Samuelsberg?
6:noko abstrakt: kva gjer du om morgonen når du vaknar og ser at du hev teke feil, allvarleg feil.(Elton John ved skuldra di,he-he)Gramsen hatt den drøymen, han!
7:litt heimebane for Guten, men: kor mange vindauge er det på Onkel Nicolae`s usle gamle koie?
8: Kva tenkte eigentleg Billy Corgan på da han skreiv Starla?
26 April, 2008 at 11:09
Vi freistar! Vågemot har vi, einast forstanden det skortar på.
1. Du, kanskje? He, he, he.
2. Koltrast var ein ny art for oss. Må vera Imperiet det der, verka svensk.
3. Samojed-ætta? Nei forresten, vi sløyfar spørjeteiknet. Det er jo du som spør her. Samojed-ætta! Vi er sikre på oss sjølv no.
4. Borna hennar gamlemor i downtown Listvyanka.
5. Gyllgrenda, heilt klårt.
6. Du finn fram reipet.
7. For å seia som du sa før: Mongje!
8. Han tenkte på Darla.
Heile to rette no? Time will show.
2 May, 2008 at 22:00
1 rett,under tvivl!(Sp6) kommentar til Sp 1:Me rir i skinnjakke! Tenkar sjølvsagt på vår ven Åge frå nedst i grenda!
Ellers: når ser guten for seg at studiereisa til Enodden og ikringliggande drabantbyar vert gjennomføyrd?
5 May, 2008 at 11:07
God dag igjen, gode Grautgrams.
Vi avsluttar skulen den 26. mai, så Budalen kan i grunnen høve når som helst etter det. Men helst ein onsdag, torsdag, fredag, laurdag eller sundag, så vi ikkje går glipp av viktig sumarbridge. Og med atterhald om at vi også i ferien kan tenkjast ha andre ting føre no og då. Men utover det, overlèt vi til deg å velja ein dato. Som turguide har du vel òg eit lite føredrag å planleggje, sånn på vegen nedover, altså. Vi ynskjer jo lære mest mogleg.
24 May, 2008 at 18:31
me reknar med at guten, liksom meg sit og ventar på årets høydare! neidå,ikkje champions League-finalen,den gjekk heilt framifrå for laget mitt, derimot Melodi GP! me hev sjølvsagt nokre favorittar, millom anna charlotte frå grannelandet,armenia og ukraina.her tel framferda og utsjånaden meir enn innhaldet!
som god granne stemmar eg på ho charlotte eg.
PS: tykkjer forresten at du gamla, du fria e mykje betre enn ja, me hev hugleik! vill ells framheve heimesia tel Anadyr, in inglish! gildare enn sia til monge russiske storbyar! have a look!
24 May, 2008 at 19:30
Mens me e idrift. nokre nøtter:
1:kven e bedste fuhraren? Rita frå Hitra ell Erling den støle?
2:lyt ein ha lastebilsertifikat for at ho Rita ska kunnne sittja på?( svaret e ja! ,vanleg bilsertifikat gjeld inntel 3,5 tonn,He-he!)
3:meir allvarleg:kor ligg “det stora allvaret”?
4:barnemat: kven e størst:Can Tho eller Long Xuyen?
5:kven kan ein seia var kvantefysikkens grunnleggjar?
6: e Kramfors ein vakker stad?og Kva satsar dei på innan turismen?
7: kva ser ein mest tå i Rajkot, folk eller fe?
8: eastern brown snake vert fryktingytande krabaten kalla, men kor trivst han bedst?
9: grei ut om steinete Tunguska, og jamfør med Gaula!likhetstrekk tenkar me på!
10:Kva heitar i særklass mest kjende karen frå Louisville KY
25 May, 2008 at 19:39
God dag igjen.
Vi såg faktisk GP sjølve òg, men ikkje frivillig, og utan å bli serleg imponerte over korkje framferd, utsjånad eller innhald. Det vil seia, det vesle som kanskje var av utsjånad, vart svekka vesentleg av det sjokkerande linne innhaldet. Når det er sagt, heia vi som vanleg på samtlege austeuropeiske statar, med Serbia som den absolutt (og heilt tilfeldig valde) favoritten.
Så til nøttene:
1. Lyt vera Erling, vi veit du mislikar kvalrossen.
2. Ja var vårt forslag òg.
3. I Sibir?
4. Can Tho, heilt klårt.
5. Max Planck var det ein som heitte.
6. Kan vel vera sånn høveleg der oppe, men relativt glissent etter kva vi høyrer. Turismen er venteleg basert på kråka i kommunevåpenet, Kramforskråkan.
7. Trur det er tjukt av båe delar, men kanskje litt meir folk trass alt. Endå kua som kjend er heilag.
8. Langt aust. Australia og Ny-Guinea seier vår upålitelege kjelde.
9. Grei ut? Plassen strekk ikkje til, kjære Grautgrams. Vi kjenner til eksplosjonen, då det ikkje nettopp vart fleire tre der oppe, og dessutan dei fine elvane i høvesvis nord og sør. Resten seier seg vonarleg sjølv.
10. Det veit vi faktisk ikkje. Thomas Edison budde der eit bel, men vi trur ‘kje han var derifrå.
Takk og på atterhøyr.
30 May, 2008 at 22:44
Guten, kjem seg, heile 7 rette denne gongen,under tvivl! kommentar til sp6: me tenkte ikkje på kråkan, nej, derimot høgakusten bron, europas 3dje lengste hengbru,gramsen kjøyrd der,hev bilete. Dei kallar stien E-4 an til Gryme staden Haparanda kor samane, finnane og tjuvsvensken prøvar ut eit såkalla fleirkulturelt samfunn uten å lukkast.
Me peisar på med fleire nøtter, ein tier i kjømda?
30 May, 2008 at 23:06
1: kva reknast som professor Balthazar`s største oppfinning?
2: på veggen henger en klocka, i klockan der er der ein gjøk. kven utbasunerte desse visdomsorda?
3: Kor i Ljusdal e Erik Hamren Fødd?
4: Kven vert mest sedd på borne tv:gisle gris,fantorangen eller billeliten?
5: kven hev mest gods og gull på Tsjukterhalvøya?
6 Kven befordrar fleist folk i året flyplatsen i Harbin eller den i Shenyang?
7:kor monge år(kosmiske) tek det frå eit gammaglimt tek til før Knut Jørgen Ødegård ser det?
31 May, 2008 at 15:53
No var det oppe på eit ukristeleg høgt niveau att. Men vi freistar på nytt:
1. Hjulet?
2. Gauken sjølv.
3. Norddelen, kanskje. Men akkurat der er vi veldig usikre.
4. Du har tidlegare uttrykt din fascinasjon for gris, så vi går for Gisle.
5. Ordføraren i Uelen.
6. Harbin tilseier logikken. Våre kjelder seier det er den kulaste av byane.
7. Det må vel vera ganske avhengig av fråstanden frå den aktuelle gammaglimten til jorda. Men mange, mange kosmiske år, det kan vi fastslå.
Eitt poeng til oss?
6 June, 2008 at 20:53
Hau, guten 5 rette under tvivl, då nokre tå fregene ikkje let seg besvara med fasitsvar, men med skjønn og godt bondevit,guten! me gratulerar!
me kjøyrar vidare:
1: i konsernet gramsen verkar i hev alle millanamn unntatt gramsen. kva for 3 namn fuska gramsen på seg! (aukrustinspirert, vigfus va fyrste, he-he)
2: Kor monge NM medaljer tok Tore Gullen i si karierre?
3: kva heitar hovudgata i Wuxi,og kor lang e ho?
4: Når tapar guten neste bridgekamp?
5: kva for eit spesifikt merke finst øvst på øvste hylla på Polet?
6:kor vart det tå fagre jinta Vida Ventsene,gjekk ho seg vill?
7:kven vinn fotball-em, me gjeng sjølvsagt for russland!
8.i kva for ein by i russland finn ein topplaget med snedige namnet Amkar?
9:kor kom Tom Joad frå då han traff familien sin i oppbrot og på vei ut på “the mother road”?
10:framleis the mother road, kven e størst:Kingman,Winslow,Holbrook eller Gallup?
11 June, 2008 at 20:35
Hauhau i stovor og buer, som Gramsen ein gong sa. Vi er overlag nøgde med heile fem rette, og gjev difor laus på dei nye fregene med største overmot.
1. Vi kjenner ikkje andre enn Vigfus Skunken, Melvin Snerken og det noverande aliaset Grautgramsen. Men det var kan hende fleire?
2. Fem, kanskje.
3. Ooh, ei hard, hard nøtt. Wuxi Penny Lane, trur vi.
4. I morgon kveld, that’s for sure.
5. Den der tequilaen med slik ein raud hatt på.
6. Det stemmer nok som du seier, Vida forsvann på den litauiske flatmarka.
7. Vi går òg for Russland. No har vi fullt oversyn over dei kvalifiserte laga, men det ville overraske oss om nokre kulare land enn Russland deltek.
8. Storbyen Perm. Men sjølve heiar vi på Luch-Energiya. Kva by kjem dei frå, Grams?
9. Her er vi usikre, har diverre ikkje lese boka enno.
10. Tippar Kingman er størst.
Åtte, kanskje ni rette?
13 June, 2008 at 23:42
Tebake tel kvardagen. 3 rette kanskje. me e bergtekne tå at Guten hev kunnskap om Amcar,men luch-energiya? me drit i det, me støttar Rubin Kazan! me durar vidare:
1: Ei barnestjerne frå Sandefjord song eingong om ein sådær ein ai-ai-ai. kva heiter tausa, og kva er ein sokalla “ai-ai-ai”?
2: Kven leverte mest: Ågesta, Marviken eller Simpevarp?
3: Når kan ein seia at hjulet vart oppfunne?
4: Kven e the Sharpeville six?
5: kven va størst: keisar Bokassa eller Idi Amin, og kven av dei omtala sin igjenkomst som “den store fotballkampen”?
6: er Carl Dønges Aktiv enno?
7: Kva lyt ein gjera for å vinna kranskullans hjarte?
8: Kven va best tå brørne Olof og Johan Granath?
9: korleis ter ein seg når ein hev fengje eit sokalla granatsjokk?
10:Kva var biguastamma særs kjend for?
ells: når tek me fatt på den store Budalsekspedisjona, me les dei satsar på turisme oppi der no, Guten!
18 June, 2008 at 23:51
Tri rette var litt under pari. Einaste “trøysta” er at resultatet blir endå verre denne gongen, for eit kjapt oversyn avslører sers vanskelege freger. Men vi lyt vel freista:
1. Kine? Einaste barnestjerna vi hugsar namnet på.
2. Alle er relativt ukjende for oss, men Simpevarp var det kulaste namnet. Veit ærleg tala ikkje kva det er snakk om.
3. Vi tippar 5000 år før Kristus, truleg i Mesopotamia. Viss det då er det vanlege, runde hjulet du snakkar om.
4. Sørafrikanarar. Ikkje høfleg å drepe han fyren, men dei hadde vel sine grunnar.
5. Idi var iallfall storvaksen, fotballinspirert òg, held ein knapp på han.
6. Neppe.
7. Der er vi usikre. Ein god start lyt vera å vita kva eller kven Kranskullan er for noko, så vi svarar det.
8. Olof, så klart. Delte meiningar der, men vil alltid vera Olof for oss.
9. Ein blir vill og galen, sjølvsagt.
10. Fyll og vas.
Når det gjeld ekspedisjonen til Budalen, er det berre for deg å peike ut ein gunstig dato. Vi ventar i spaning! At dei satsar på turisme, det høyrest jo lovande ut.
20 June, 2008 at 19:56
5 rette gjev me.Guten kjem seg, 50% det! Kranskullan får ein på kaupet om ein vinn sjølvaste Vasaloppet, Guten! Me satsar sterkt på neste sesong og freistar å sjå vene staden Mora fyrst! Stor tevling om å verte kranskulla, førstås! Me føreslår Budala neste sundag forutsatt godver ,me ynskjar ikkje å sjå skyskraparane inntulla i skodde og tunge regnskyar! Me får talast i samråd med Kristen Gislefoss. Ska me kjøyra opp frå Rognes, Kotsøy, Strinde ell Soknedala? fleire muligheitar, ser ut som om alle vegar leiar til Enodden!
21 June, 2008 at 12:38
Fem rette var stas, er overlag nøgde med det.
Neste sundag var diverre eit ganske uheldig val, då vi er i Östersund på kortleik heile den helga. Men sundagen om fjorten dagar kunne vel til dømes vera glimrande. Finvêr er sjølvsagt ein føremon, det har du rett i, men vi kan nesten ikkje vente på synet av Enodden.
21 June, 2008 at 14:00
Då hev me vel ein avtale om 14 dagar då?Me hev ledig plass,så me diskar opp med nokre nuts again!
1: kven song jeg vil ha en liten hund,voff-voff?
(taklar du denne veit du kven som beskreiv ein ai-ai-ai,med)
2: Kva for eit simpelt brennevin vart av Harald Heide Steen omtala som “kykeliky”?
3: kor monge får plats på nye heimebana til Zenit St.Petersburg? (tidlegare kalla Kirov-stadion, no riven romma 120000 i glansdagane)
27 June, 2008 at 02:09
Høyrest bra ut.
Når det gjeld nøttene, har vi nesten ikkje energi å bruke på dei i varmen. Vi jobbar på spreng med våre eigne sumarnøtter, meint å bli presenterte om ikkje altfor lenge. Freista lyt vi likevel:
1. Bettan.
2. Heimbrent.
3. Monge! Men færre enn før, trur vi, kringom 100.000.
Det var kjappe gissingar. Gje oss svar som fortent.
19 July, 2008 at 05:49
Me hevdar:Gramsen semester nu! Maidenkonsert fyrste stoppen, så ei lita utflukt til Schweden,Schweden. Etter det vert det imidlertid rom for ein tur innpå Enodden! Men Guten skal til Beijing las eg, so me veit ikkje når det passar. kom med forslag! Me hev 4 vikur til disp.skal sjå på nøttane, vert vel for tråkigt for smalahovvedet i bakkan.me sender våre eigne!
1: kor ligg Costa del Palle?
2: Kva tenkte min gode ven Ilmarinen eigentlig på då han skyssa edle dama si avgarde til Vainamøininen(me undrar)?
19 July, 2008 at 06:23
3. i Finland framleis: Største av dei store Matti Nykanen fylde nett 45. men kor kjem han frå?
4:Juha Mieto var ein ofseleg svær kar med skjegg,ein so kunne skremme fanden på flat mark. Men når gret han på TV?
5: Kva for eit kapell ligg på verldsarvlista: domkyrkan i Linkøping eller den i Vasterås?
(Me diggar ho i Uppsala)
6:Vert dei brune i Verkhojansk nå? (me las det var 35+ der ,vert verre tel høsten. dei fortenar det!)
7. Seier seg sjøl,men kva heiter bekken Verkhojansk ligg attmed?
8: kven e regjerande verldsmeistar i Ludo?
9: Kor monge tenner hev Morgan Tsvangirai igjen når Robert er ferdig?(me lever i ei hard og kynisk verld,diverre,valforskar i Zimbabwe vore drøymejobben,det)
10:Nøtt: kor drog familien Daling på semester? borte e dei i allefall!
19 July, 2008 at 11:21
God dag. No dreg vi i morgon på to vekers tur til Lillehammer, men etter det bør det vera råd å koma seg i veg. Enodden spring vel ikkje frå oss. Beijing blir ikkje før til hausten, så det kan du ta med ro. Men det skjemaveldet ein må gjennom! Ver glad du slepper det. Så til nøttene:
1. Sikkert i Spania, høyrdest rett nok litt oppdikta ut.
2. Ho fortener det, tenkte Ilmarinen.
3. Jyväskylä så klart.
5. Vi veit han er ofseleg svær, men veit ikkje når han gret.
6. Dei vert nok det, men kan hende er dei brune òg frå før.
7. Yana.
8. Der er det ingen tvil, det lyt vera du.
9. Ikkje monge!
10. Snakka faktisk med dei ein dag, tykte dei sa noko om Syden, men beit meg ikkje spesifikt merke i det.
Du skulle vel til Manchester? God tur dit!
23 July, 2008 at 19:40
Enodden spring ikkje nei, e vel ein såkalla slow city! Maidenkonsert i går, dritbra når køa var framme.Men kor mange øl hadde køa kjøypt til overpris?Det som går inn, lyt ut sa far min!
2 August, 2008 at 23:03
Far din var klok han. No er vi omsider attende frå bridgefestival i Mjøsbyen, og er meir enn reiuge til å innta gatene i den noko sloware Enodd Rock City. Denne gongen meiner vi alvor!
7 August, 2008 at 01:26
Utferdstrong - ei reisesoge:
Inkje høyrd frå Guten så me tok saka i eigne hender, me drog til Budala! På Kåtsøy starta allvaret. Oppetter ovbratte, svingete veier smaug toyotaen seg såvidt opp lia på jakt etter ein betre lagnad, og etter ca 8 km vart han løna. flat mark! Innover bar det i vekslande natur inntil eit mini-Manhattan openbarte seg i det fjerne med både domkirke og kaupesenter! Me hadde kome til sjølvaste Enodd! Her var fleire valmuligheiter, M.a. Storbudal,Enmo, Kjelden og Soknedal( m.Hauka)Liten plass no, så me sendar eit kap 2 etterpå!
7 August, 2008 at 01:38
Me testa ein liten tur innover Storbudal. Vakker natur, men me snudde og peila oss mot Soknedal og her dukka enno ei perle opp, nemlig Hauka! hher var båe bensipumpar på kvar ein gard (nesten) og ein jokerbutikk med godt utvalg av små nusselege suvernirar. Men kundegrunnlaget verka nokså tynt,diverre, ingen millionby! resten tå ferda var på dårlege veiar ned til Soknedal City, men veiane i sjølve Budala var gode nok dei, tel og med fin asfalt! me dreg gjerne tilbake,vert du med?
7 August, 2008 at 16:00
Me hev ferie jau, så me dreg tel med nokre sumarnøtter:
1: kvifor vert Hangzhou rekna som Maolands venaste by?
2:Nyleg avdøde stormestaren A.Solsjenitsyn beskreiv i “kreftavdelinga” dronninga blant svulstar. kva heite ho?
3: Kor va Knut Jørgen Ødegaard då solformørkringa nett inntraff?
4: Kven lanserte uttrykket krutgumman, og kven va ho?
5: Når vart soga om Gustav laga?
7 August, 2008 at 16:18
6:Ein kar vart på tv omtala som oksen Jancker,men kva dreiv han med?
7: Kven omtala han som oksen, endå han heitte Karsten?
8:Kva heiter lengste gata i Shijiazhuang?
9:Kven hev teke frå Mullah Krekar all hans verlde iføjge Brynjar?
10:Kven va rappast på skytaren: Festus Haggan eller Matt Dillon?
7 August, 2008 at 17:57
Vi har vore så ofseleg opptekne og bortreiste, men no er vi for ei stakka stund attende, og sit berre og sitrar etter Enodden og Hauka, og vonar du aller nådigast kan køyre ein ekstra tur for vår skuld. Vi ringjer deg snart, eller du kan ringje oss, for omsider å få avtala ein dato.
Til nøttene:
1. Har vel ein brukbar innsjø borti der.
2. Hjernesvulst, får vi tru.
3. I parken med groupies.
4. Astrid Lindgren.
5. Den var verre, trur det kan vore i gamal tid ein gong.
6. Det lyt ha vore du, det. Du dreiv med noko sert.
7. Kjell Christian Rike.
8. Ikkje Lauvsetvegen iallfall.
9. Det norske folket, tippar vi, synd på den stakkars nissen.
10. Dillon heilt klårt.
Det var alt vi hadde. På attersyn, Melvin.
10 August, 2008 at 00:19
Me gjev heilt fortjent berre 2 rette denne gongen, For tjønna i Hangzhou, og gutens kjennskap til “krutrøyk” på sp 10. imponerande det! Sojsjenitsyn framheva dessutan malignt melanom!
nye freger:
1: kor monge representerte Kiribati under inntoget i fuglereiret igår kveld?
2: enn Solomonøyane?
3: Kvifor vann ikkje Gramsen på lotto ikveld?
4: Kven e rekna som verldas ubestridte ludo-konge?
5: Ka heiter kongen på paradisøyene gilde gutane Knoll og Tott bur på?
10 August, 2008 at 00:36
6: kva heiter vemmelege nevøen til Knoll og Tott,også omtala i ein gamal Patti Smith sang?
7: grei ut om Moses Olsen!
8:Heze heitar byen, men er han større enn Shaoxing?
9:Kor ligg Gustav gravlagt?(viser til tidl.sp. tenker på han Vasa sjølvsagt, skjeggisen på svenske 1000-lappen)
10: Kor e vettet/kløkta oppi alt, ska galskapen få leva? me meinar JA!
10 August, 2008 at 00:57
11: Kven kallast og “ipose og sekk”
12: kor høg stilling hadde Gofar igammeltia sammenlikna med Potifar?
13: kva er eit asen+
14: Kva for en Iron Maiden-kar vart avbileta fiskande på Staurin?
15: Kor høgt e Sandhornet?
13 August, 2008 at 12:34
To rette var ikkje noko overlag til innsats. Men no som du har produsert heile 15 nøtter på éin gong, er det kanskje von om iallfall å greie tri.
1. Ikkje altfor mange. Kanskje nokre padlarar?
2. Litt fleire, men ikkje mange der heller. Vart vel tekne av stormen for nokre år sidan.
3. Han gløymde levere kupongen!
4. Gramsen!
5. Der melder vi pass.
6. Vi kjenner diverre ikkje denne serien serleg godt.
7. Ein grønlandsdansk politikar.
8. Ja!
9. Framme i Vasakoret i Uppsala domkyrkje.
10. Var det der i det heile eit spørsmål?
11. Du?
12. Interessant spørsmål, skulle gjerne gjeve deg eit sikkert svar. Men vi veit rett og slett ikkje, trur nok likevel Potifar var høgare i systemet enn Gofar.
13. Eit ess og eit esel, valfritt.
14. Vi veit nesten ikkje kven som spelar i det bandet lenger, men held ein knapp på Harris sjølv.
15. 909 meter.
Tolv, kanskje tretten korrekte? La oss høyre det i Budalen på fredag.
15 August, 2008 at 14:40
Sandhornet,du! googla no? Det sandhornet me sikta til ligg på Sandhornøy i Gildeskål og er 994 m opp frå avgrunnen. særs vakker fjellklomp, hev vøri der. Me gjev berre 4 rette,og han som ikkje fekk laks i Gaula heiter Adrian Smith. skjerp deg!
15 August, 2008 at 15:11
skitsjuka hev stagnert lite, so me fleskar til med nye freger:
1.Grei ut om Kong Bumbo!
2: Kva for ein kar skreiv soga om han Hjalte?
3:kor kjem Dolores O`Riordan frå, irskenamnet, please?
4: Kor mange pelsar hadde Keiser Bokassa av verldas fattigaste land?
5: Når vart såkalla jungeltelegrafen oppretta?
6: Enn Jungalpatrulja?
7:Gjer Harri Olli det bra i skihopping på plastunderlag?
15 August, 2008 at 22:26
Me beskriv grenda: her fossar dei i strie straumar! nedetter Løvsetvegen på jakt etter paradiset, sjølvaste Melhusfestivalen! her spyr nykonf so aldri hev smaka Sarek før! her låte gaul frå ungjintane, men kven bryr seg ? ifølge Alf Prøysen ska jinta visstnok vera ven og komma i sønnavind,men det e vindstille no!sit framleis og ventar på Mona Grudt eller Tift Meritt eller dolores o riordan eller Belinda Carlisle,men ingen kjem! ingen tvivl, dolores e ok hu,eg hugleikar mest, ja, no need to argue!
20 August, 2008 at 11:07
Hei igjen og takk for sist. Vi var overlag nøgde med utflykta til Budalen, sjå nedste delen av vår siste artikkel for eit lite referat.
Dine observasjonar av Mjølus-bygda er elles sers interessante. “Her låte gaul frå ungjintane,” skreiv du, ei nesten poetisk formulering i våre øyro. Du får vone Dolores kjem, ho er sanneleg litt av eit kvinnfolk. Så til fregene:
1. Ein kongolesisk stammehovding eksilert på Enodd.
2. Vi tippar Snorre. Sturlason, altså.
3. Ballybricken i Luimneach (Limerick).
4. Minimum hundre. Han var slik ein fager mann.
5. Tidleg attenhundretal, vil vi tru.
6. Seint attenhundretal.
7. Nei, der ramlar han.
Dette lyt vel bli heile kassa, Gimse? Kan ikkje skjøna kva gale vi har gjort.