Vi jumpar etter Wirkola. Denne såkalla “bloggen” er eit nederlag på alle tenkjelege vis. Ikkje berre er vi tilslutta eit kommersielt, nærast vulgært domene, sjølve utsjånaden er i tillegg makabert blass, upersonleg og disharmonisk, serleg samanlikna med den gamle sida vår. Men vi likar skrive, og kjem til å underhalde med ei og anna spalte her inne i tida framover.
Den nye tilhaldsstaden er ein kjellar i eit av slumstroka. Av tryggleiksomsyn går vi ikkje nærare inn på detaljane, men det er inga lystig soge vi har å fortelja. Eventuelle lesarar gjev seg ut i eit åndeleg grisespel. Vi har flytt or bygda, men endå er det her, i storbyen, vi for alvor baksar i gjørme. Vi snåvar i gjerde og stangar i stein. Vi brenn oss på nesler. Men ta dykk i vare! De skal tidsnok lide same lagnad.
I romet jamsides bur ei framand jente. Henne har vi knapt nok helsa på. Verten er musikar, men ingen veit kva han spelar. Sag, kanskje, eller bratsj. Skal vi få vita det, lyt vi spørja. Men vi torer ikkje tala til framande. Plutseleg bit dei. Så sit vi her då. Utom glaset stod nyss ein rosenbusk og blømde. “Han skal du sleppe sjå på,” sa verten - og reiv han opp. Fram kravla kinglar og jordkvefs. Dei har lima seg til ruta og stirar oss i augo. Ublidt, kan vi tilføye. Somtid tek vi sopelimen og jagar dei vekk. Etterpå har vi samvitsplager.
Vi saknar bygda vår, lyt vi vedgå. Det er noko hjartelaust og svinsk ved alle her i byen. Så oppjaga, liksom. Men endå vi sjølve er på randen av samanbrot, held vi oss framleis bra saklege. Meir enn vi røyner, kan vi ikkje skrive. Skulle tilveret i lengda bli like trøysteslaust som no, vil alt vi trykkjer ha same låt. Men vi trur på framsteg. Vonar, iallfall. Så får vi sjå, kva skjegg som til sist fyller postkassa.
Kva vedkjem den førre sida vår, http://gamaldans.starwarsguiden.net/, er det med sorg vi innser at ho kan vera tapt. Vi er råka av store tekniske problem, som heldigvis tiltok fyrst etter at alle tekstar var tryggleikskopierte og verksemda formelt avslutta. Lesarar med interesse for den gamle litteraturen, kan kjøpe utvalde artiklar i hefteform hjå leiinga. Billeg blir det ikkje.
Unn oss gjerne nokre kloke kommentarar. Krav vil aldri bli etterkomne, men eit og anna velmeint råd kan vi takle. Om ein ikkje vil gjera det offentleg, kan straumpost sendast til gamaldans@hotmail.com. Sekretariatet vil vonarleg finne tid til handsaming innan fåe månader.
7 September, 2007 at 22:47
Hei, Skjetne!
Lenge siden du sist tok deg tid til å skrive noe på star wars-guiden. Noe som er synd og skam da du har en hel del gullkorn på lager. Stå på videre!
7 September, 2007 at 23:50
Skjetne? Korporasjonen takkar for dine venlege ord, men her er det ingen Skjetne. Vi kjende ein Skjetne ein gong, men han forsvann i skogen. Lykke til med stjernekrigen.