Korporasjonen Kjellaren gjer ikkje utelukkande internt arbeid. I tida framover byd vi på fleire lukrative kurs, møteseriar og sosiale arrangement. Lokala er som vanleg kjellaren. Vi driv dessutan eit momsfritt utsal av antikvitetar, økologisk mat  og diverse overskotsprodukt. For nærare informasjon om desse og andre tilbod, skriv eit brev. 

Litterær kafé.Nynorsk lyrikk i hundre år, ein serie monologar med hyppige diktopplesingar og tilhøyrande analysar. Vi inkluderer både kjende og mindre kjende forfattarar. Deltaking blir i utgangspunktet gratis, men kaker, smørbrød og liknande er tilrådd medbrakt. Tidspunkt etter avtale, påmelding som i jungelen.

Plattdans. Annakvar tysdag er det plattdans i kjellaren. Berre utvalde dansar er tillatne, og musikken blir regulert frå sentralt hald. Husets eige band vil ofte spela, venlegast ikkje forstyrr. Inga organisert servering. Ingen kleskodar, men klede er påkravd. Skor kan lånast i resepsjonen. Alle er velkomne. Ta med ein ven.

Kurs i durak. Vi vil sjølve halde leksjonane, som går over ei tilfeldig mengd onsdagskveldar denne hausten. Durak er eit russisk kortspel heilt på høgde med bridge, boms og liknande. Flakselementet er nedtona av eit sett kompliserte reglar, som varierer noko med vêr og vind. Det er i tillegg overlag sosialt, og stimulerer til engasjement og intelligent munnhoggeri. Gjesteførelesarar er Håkon Bogen og Morten Haugen. Kurset er gratis for dei som fortener det.

Fritidsklubb.  Kvar fredag er fritidsklubben “Fagnad” ein møtestad for unge i grannelaget. Det er høve til bordtennis, ludo og friluftsaktivitetar. For jentene er det husmorskule og strikkekurs. Diskotek med kristeleg tilsnitt. Somtid også utflykter, fjell- og bærturar, synfaring i nærmiljøet. Klubben er nokså rusfri. Ingen inngangspengar. For informasjon om strafferettslege tilhøve, kontakt sekretariatet.

Stille andakt. Sundag formiddag er det stille andakt i kjellarkapellet. Ingen talar før anden kjem over dei. Ingen song og musikk, ingen ikon eller andre bilete. Nattverd ved kyrkjetenaren, kollekt til dei trengande. Open bar.

Røkkar. Vi avsluttar veka med røkkartevling. Røkkar er eit kortspel for glupingar. Nye og gamle fjes er velkomne, men visse forkunnskapar ynskelege. Konservativ stil, ingen toarar og åttarar. Symbolsk startavgift, gilde premiar. Traktement på bakromet, ingen dørvakter. Påmelding ved oppmøte.

2 Svar to “Kurs og seminar”

  1. Liv Marit said:

    Det var kurs i durak på tirsdag? Passa bra for e har fri da! Når ca? Kor du bor? Ska Fredrik lag middag da? :o)


  2. einkvan said:

    Etter fyrste kurskveld ser leiinga lyst på ting. Liv Marit Grude var rett nok einaste deltakar, men ho briljerte med eit visst potensiale. Håkon Bogen var sers effektiv som gjesteførelesar, Fredrik Simonsen noko mindre som kokk. Stemninga var høg heile vegen, med tilhøyrande bakgrunnsmusikk og frekvente digresjonar. Vi avslutta kurskvelden med felles spasertur og restaurantvitjing. Dato for neste sesjon er førebels uviss, men vi oppfordrar alle lesarar til å innfinne seg. Dei har likevel ikkje noko betre å gjera.


Leave a Reply

*
For å bevise at du er en person (og ikke ett spam-script) må du skrive inn ordet som vises i bildet.
Anti-Spam Image