Frå utsida kan korporasjonen Kjellaren verke som eit noko sert og isolert føretak. Var det berre så vel. I realiteten er vi omgjevne av ei lang rekkje bifigurar, som i tide og utide kjem med alle slag nyttelause innspel og forsøk på bistand. Sume av dei kan likevel glimte til no og då. Det er nettopp desse vi i underståande liste skal presentere. Vi lagar ikkje, som ein gong tidlegare, eit komplett register over alle nemnde namn. Berre dei vi tykkjer har fortent det, eller som i serleg grad har støtta korporasjonen i arbeidet hans, blir for framtida å rekne som assosierte kompanjongar. Vi opnar for å tilføye namn etter kvart, men gjer det etter eigne kaprisiøse luner og ikkje naudsynlegvis på logisk grunnlag. Per 25. september 2007 ser lista slik ut:

Håkon Bogen, Mo. Studenten Bogen er oppførd som eit motstykke til dei duglause durakspelarane John Våge og Morten Haugen. Han representerer ei ganske anna line i denne elementære idretten, nemleg oversynet. “Topp 10 i verdn overall skills,” for å sitere han sjølv. Noko av det same praktiserer han i bridge, men der gjev den rabulistiske naturen litt meir variable utslag. Vi har mange historier å fortelja om Bogen. Men best fortel han dei sjølv: “Hør her, mister, ett småkult spel eg kan dregopp av hattn.” Vi gløymer ikkje den frasa, og ventar i spaning på neste soge.

Erlend Gaustad, Stutvassheia. Ein barndomsven av korporasjonen og framleis ein uvurderleg støttespelar. Gaustad kritiserer oss når vi feilar, men veit å rose oss for dei mange genistreka våre. Fungerer òg som eit slag terapeut; vi blir aldri overarbeidde med han i nærleiken. Sist laurdag ringde han oss klokka 09.30 og inviterte til ein nyleg oppstarta fest. 03.00 var han framleis på føtene. Då hadde han sunge for halve byen. Populære songar òg, som kjenningsmelodien til Melhus mannskor. Gaustad har ei kraftig røyst. Det bles så frykteleg der han kom ifrå, ein laut alltid rope for å høyrast. Så han ropar framleis, same kor stilt det er.

Malvin Gimse, Melhus. Gimse er tilsett i steinbransjen, dette høver han glimrande. Rett nok er håtten hans open og spøkefull, men samstundes upåverkeleg, allveg pragmatisk og småforlangande. Ta til dømes penna hans, som alltid er kvass, men berre kvassare etter tjue øl. I vår ungdom fekk vi mang ein gong skoda kunstene hans. Vi frykta det vil opphøyre då lagnaden eksilerte oss, men lykkelegvis har han attervendt med nye epistlar og kunnskapsprøver. De kan sjølve bryne hjernen på nøttene hans! Der gjev han ikkje ved dørene. Språkføringa er noko outrert, men samstundes ein eigenskap ved geniet hans. Kjend under mange namn.

Katrine Gran, Jokkmokk. I ein kommentar til herverande tekst føreslår Katrine Gran seg sjølv som ny assosiert – “kun fordi æ e jente”. Ved nærare ettertanke er dette ein strålande idé, ikkje fyrst og fremst fordi ho er jente. Sant nok, kjellaren har så langt vore mannsdominert og jævlig, og eit kvart ekte patriarkat treng for så vidt nokre hokjønn å trakassere. Men personen Gran har eigenverdi. Ulikt våre andre lesarar – og for den del assosierte – er ho lystig og positiv av huglynde. Ho kan bidra med nytenking i korporasjonen, ei opnare råme om kjellarmørkret. Ikkje minst har vi lyst på vaflar – og Gran kan steikje dei.

Tor-Ove Reistad, Askim. Av alle spesi typar i den korporative omgangskrinsen, tek denne minst éi kake. Sinologen Reistad syner sjeldan sitt blide andlet, men opererer i staden gjennom tallause kodar og kenningar. Han er såleis som skapa for byråkratiet vårt, og held seg trufast på åskodarbenken. Også dette fenomenet kom vi borti gjennom bridgen, men no er det andre ting samtala plar handle om. Han kan informere i det vide og breie om cricket og terrakottasoldatar, men spør ein kva vekedag det er, vil svaret vanskeleg la seg tyde. Vi tvilar likevel ikkje på kompetansen hans, og vil vonarleg kunne nyte assistansen gjennom heile det årelange arbeidet vårt.

Tommy Skalmerås, Rissa. “Ei vandrande turneringsleiarsak.” Desse harde orda fekk Skalmerås retta mot seg i einkvan diskusjon, og det finst nok eit snev av sanning i dei. Skalmerås er ein amper type, velkjend for den aktive knyttneven. Men han slår ikkje, han berre trugar. Og markerer, sjølvsagt, at ein ikkje køddar med Skalmerås. Vi har aldri vore freista, for oss har Skalmerås slett ikkje plaga. Berre såleis er han langt å føretrekkje framfor majoriteten. Men vi likar heile stilen hans. Vi likar det tøffe trynet. Vi skal læra av han frå no. Bed om nåde, nidingar!

Øyvind Sletvold, Røros. Fåe har som Sletvold teke ansvar for skoleringa vår. Det er rett nok varierte doktrinar han forkynner, men vi morar oss i nærleiken hans. Med’ vi sjølve sit og halvsøv, er han alltid full av engasjement. Generelt full, kan ein òg seia. Men han vantar ikkje difor kunnskap. Den blanke issen er skalkeskjol for eit oversyn av dimensjonar. Som ein av ti i Noreg har han skjøna Marx. Han har reist verda rundt, frå borgarkrig på Luzon til sumarbridge i Trondheim, har ofte gått konkurs, men alltid stige opp att. Kommunist og aksjespekulant, Øyvind Sletvold.

Namna er sorterte alfabetisk, altså ikkje meint å signalisere underordning korkje hierarkisk eller syntaktisk. Det er òg planar om ein serie djuptgåande portrettintervju på framsida.

Er ein fyrst oppførd, har ein automatisk tilgang på tallause frynsegode. Det er fri deltaking på alle arrangement i vår regi, rabattar i kantina, billege studieturar og gratis korrupsjon. Vi skal òg tilsetje nye i administrasjonen snart, mellom anna er styret overmoge for omlegging. Dei som finn namnet sitt i oversynet, kan med føremon merkje seg det sistnemnde. Alle andre er provisorisk svartelista.

2 Svar to “Lausleg assosierte”

  1. katrine gran said:

    helt ulogisk kan du tilføye meg kun fordi æ e jente ;)


  2. einkvan said:

    Fint, då seier vi det. Kjellaren kan trengje a woman’s touch. Det er så jævla macho her nede.


Leave a Reply

*
For å bevise at du er en person (og ikke ett spam-script) må du skrive inn ordet som vises i bildet.
Anti-Spam Image